Hopp til innhold

Utrygge pensjonistar

Eldre ålesundarar tør ikkje gå ut om kvelden. Overfalla og valdtektene har skjedd rett utanfor døra til samlingsstaden «Pensjonisten». No bed pensjonistar om å få sleppe aktivitetar på kveldstid.

Gerd Kvalsvik (th), Tone Kleiven Ødegård )v)

Gerd Kvalsvik (h) meiner Ålesund har blitt ein meir utrygg by. Tone Kleiven Ødegår (v) er dagleg leiar ved 'Pensjonisten'

Foto: Pål Bakke / NRK

Det er ikkje berre unge kvinner som føler seg utrygge etter valdsepisodane i Ålesund. Pensjonist Gerd Kvalsvik er aktiv brukar av samlingsstaden «Pensjonisten». Ho er rysta over det som har skjedd like utanfor husveggen.

- Det er såpass grovt at det er vanskeleg å tenke på det. Det har skjedd før og ingen er blitt teken, seier Gerd Kvalsvik. No er eg redd for å kome heim att og gå inn porten. Ålesund har blitt ein meir utrygg by, seier ho.

Kirkegata - Ålesund kirke

Overfalla har skjedd her i dette området.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Kaller inn ekstramannskaper

- Overgriparen tek store sjansar

- Ålesund farligere enn New York

Nei til kveldsaktivitetar

Fleire av pensjonistane seier no nei til å vere med på kveldsaktivitetar ved senteret. Dei meiner det har blitt for utrygt å bevege seg til og frå «Pensjonisten».

- Dei vil ikkje ha trim og andre aktivitetar på kveldstid. Folk er engstelege. Og det er jo desse valdsepisodane og dei tenkjer på ran og slike ting, seier dagleg leiar ved «Pensjonisten» Tone Kleiven Ødegård.

- Vi er ikkje trygge

- Valdtekt er hemn

Ikkje tilfeldig

Dagleg leiar ved senteret, Tone Kleiven Ødegård, trur ikkje det er tilfeldig at overfalla har skjedd utanfor eldresenteret. Sjølv om det bur mykje folk i området, er det ei strekning like ved eldresenteret der det i periodar er folketomt.

- Her er det jo ikkje folk på nattestid. Det kan hende at gjerningsmannen veit dette. Så det kan hende at gjerningsmannen ser på dette som eit «greit» område. Her er ikkje mange som høyrer så godt. Det er ein del eldre folk som bur her, fortel Ødegård. Det er kanskje ikkje heilt tilfeldig at det er her det skjer, seier ho.

Ny helg

No står ei ny helg for døra, og Ødegård bed folk om å følgje ekstra godt med.

- Folk kan kanskje ha på litt lys i vindauga sine. Kanskje området kan framstå som litt meir bebudd enn før, seier ho.