Hopp til innhold

Utnyttar TV-aksjonen med falske bøsser

Fleire stader på Sunnmøre har falske bøsseberarar gått på dørene og gitt seg ut for å vere frå TV-aksjonen til inntekt for Blå Kors.

TV-aksjonen 2008

Fungerande ordførar Olav Sæther (KrF) i Ulstein er opprørt over at nokon kan finne på å gjere noko slikt.

- Dette er svindel. Når det overfor dei som samlar inn vert påpeika at aksjonen ikkje er før på søndag, vart det sagt at dei hadde fått lov til å starte tidlegare, seier Sæther.

Skepsis

Sæther fryktar at folk vert meir skeptiske til å gi pengar både til bøssebærerne som kjem på søndag, og til lag og organisasjonar i nærmiljøet som får noko av inntekta si gjennom å gå på dørene til folk.

Utlendingar

Det skal være personer med utanlandsk aksent som har gått frå dør til dør i Ulstein. Torsdag kveld vert det også rapportert om falske bøssebærarar både i Giske og Ålesund. Sæther er redd for at folk gjennom dette får et feil inntrykk av utenlandske personar.

- Det er faren at dette kan gå utover ei av dei mest sårbare gruppene vi har her lokalt. Faren er at dei som har eit negativt syn på innvandring no får vatn på mølla, seier Sæther.

Ifølgje Sæther har svindlarane samla inn pengar frå minst fire av byggefelta i kommunen.

Skjer ofte

Politiet er gjort merksame på saka og dette skjer ofte, seier operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt Einar Rostad. Det er likevel lite politiet kan gjere.

- Vi har ikkje heimel til å gripe inn, så lenge ikkje innsamlarane opptrer truande mot folk. Vi har heller ikkje høve til å kontrollere kva formål dei eventuelt gir pengane til, seier Rostad.

Han oppmodar likevel folk om å opne lommeboka når bøssebærarane frå Blå Kors kjem på søndag.

Berre søndag

Også fylkesleiar for TV-aksjonen Rolf Bjørseth er sjokkert over det han høyrer.

- Innsamlinga til Blå Kors er søndag og berre på søndag, seier Bjørseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL