Hopp til innhold

Blei fråteke køyrekortet etter utforkøyring

Ein mann i slutten av 20-åra blei fråteke lappen etter at han køyrde av vegen på Frei natt til laurdag.

Politibil, UP

Politiet rykte ut til eit trafikkuhell ved Rensvikkrysset på Frei i natt.

Foto: Politiet

Det var i firetida natt til laurdag at politiet fekk melding om ei utforkøyring ved Rensvikkrysset på Frei.

– Bilen var såpass skada at den måtte tauast frå staden. Det var totalt tre personar i bilen, men ingen av dei skal vere skadd i ulukka, seier operasjonsleiar i politiet Leif E. Bergem-Ohr.

Det var berre ein bil involvert i utforkøyring.

– Bilføraren blei fråteke lappen på grunn av køyringa, seier operasjonsleiaren.

Blei fråteke lappen og ein kniv

Då politiet kom på staden skal dei ha funne ei mindre mengde narkotika og ein kniv på bilføraren.

– Men vi har ingen mistanke om ruskøyring, seier Bergem-Ohr.

Sak blir oppretta.