Uroa for framtida til Maritim Food

Bedrifta Maritim Food si avdeling i Gjerdsvika i Sande med 40 arbeidsplassar kan verte lagt ned. Dette vert avklart i slutten av april. Ordførar Dag Vaagen (bildet) er svært uroa over at hjørnesteinsbedrifta står i fare. Bakgrunnen er at Maritim Food AS ikkje får forlenga ein avtale med Unil AS om leveranse av fiskemat. Dette får store konsekvenser for drifta, og konsernleiinga vurderer difor framtida for avdelinga i Sande.

Dag Vaagen, Maritim Food, Gjerdsvika
Foto: Arne Flatin / NRK