Hopp til innhold

Urørt-suksess frå Ulsteinvik EP-debuterer

Han gjorde seg merka som «Vekas Urørt» i april. I juni blei han plukka ut som éin av 10 talentfulle artistar for å spele på den store musikkfestivalen Slottsfjell i Tønsberg. No kjem «Pandreas» – frå Ulsteinvik – ut med debut-EP-en.

Pandreas

Andreas Kleven Rasmussen, som han eigentleg heiter, har laga musikk under artistnamnet Pandreas i 2012.

Foto: Jarle Hovda Moe

Han heiter eigentleg Andreas Kleven Rasmussen, og studerer jus i Bergen.

I april blei han derimot – lett uventa – kåra til «Vekas Urørt». «Pandreas», som er artistnamnet til Andreas, hadde litt ut av det blåt meldt seg inn på NRK P3 sine Urørtsider.

– Eg prøver og kombinere popmelodiar og eit litt draumepopaktig sound med ukompliserte, programmerte trommemønster. Forhåpentlegvis blir resultatet dansbart, sa 21-åringen frå Ulsteinvik då han blei kåra til «Vekas Urørt».

– Samling av nye og gamle songar

I juli var artisten éin av 10 artistar, blant mange hundre, som fekk spele på Slottsfjell i Tønsberg.

Albumcover Pandreas

Slik ser coveret til electronica-EP-en ut.

Foto: Jarle Hovda Moe

Den 8. oktober lanserer han altså debut-EP-en – som er sjølvtittulert og heiter «Pandreas»

– Det er ei samling av nye og gamle songar. Dei gamle har ligge ute på nettet ei stund, men eg har miksa dei på nytt og sendt dei til mastering.

– Så sånn sett er alt nytt, fortel Kleven Rasmussen. Han fekk hjelp av Njål Paulsberg (Young Dreams, Put Your Hands Up For Neo Tokyo) med miksejobben.

Ulsteinvikaren fortel at EP-en gjerne skulle blitt utgjeven tidlegare.

– Men slik blei det ikkje. Eg har eigentleg meir musikk eg òg skulle gjeve ut, men det får bli til seinare.

Har fått mange spelejobbar

Som følgje av Urørt-merksemda, samt spelejobb på Slottsfjell, har 21-åringen fått mange spelejobbar i sommar og i haust.

– Det har vore kjempemoro. Vidare no har eg litt planar for korleis eg skal utvikle liveoppsettet. Eg vil gjere det meir spennande.

– Kanskje eg skal rekruttere eit slags band?, seier Pandreas.

21-åringen frå Ulsteinvik på Sunnmøre har derimot studiar å tenkje på òg.

– Men eg håper å få god tid til å lage meir musikk i haust. Eg vil ikkje bli sitjande på lesesalen heile dagen, avsluttar ulsteinvikaren.

EP-en kjem ut 8. oktober. Den blir tilgjengeleg via iTunes og diverse nettbutikkar, samt gjennom Spotify og WiMP. I augneblinken ligg låta «Sirkel(Sag)» tilgjengeleg på Spotify. Meir av musikken kan ein høyre via nettstaden SoundCloud.

Pandreas

Artisten lanserer EP-en etter ein sommar og september med spelejobbar.

Foto: Jarle Hovda Moe