«Anken fra Ulstein kommune tillates ikke fremmet» er konklusjonen frå Høgsterett. Dermed er det sett punktum for ein årelang rettsstrid.
Dette betyr at Ulstein kommune må betale 6,6 millionar i erstatning til tre sysken som blei mishandla av far sin då dei var små, slik lagmannsretten bestemte tidlegare i år.
– Glad og letta
Syskenflokken har i årevis hevda at kommunen visste om mishandlinga og burde ha gripe inn.
– Anken frå kommunen er nekta fremja, og våre klientar får endeleg utbetalt erstatninga si. Det er ein gledas dag. Alle fem har fått millionerstatning, skriv advokaten til syskenflokken, Mette Yvonne Larsen.
Kollegaen hennar, Tonje Lilaas Larsen, seier at ho så langt berre har fått tak i Margareth Øvrelid.
– Ho er veldig letta og glad for at det no blir sett punktum i saka.
Advokat Mette Yvonne Larsen har representert dei fem syskena i fleire år. Ho er glad for at det no er sett punktum.
Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK– Overraskande
Kommunestyret bestemte seg tidlegare i år for å anke, men Høgsterett vil altså ikkje ta inn ankesaka:
«Utvalget finner samrøystes at det ikke er grunn til å oppheve lagmannsrettens dom i utvalget etter tvisteloven § 30–3 andre ledd, og at verken avgjørelsens betydning utenfor den foreliggende sak eller andre forhold tilsier at saka blir fremmet for Høyesterett, jf. tvisteloven § 30-4.»
– Det er overraskande, seier kommunen sin advokat Terje Marthinsen.
Han seier at ein samla forsikringsbransje og heile Kommune-Noreg sto bak anken, og at dei ikkje er glad for konklusjonen til Høgsterett.
– Det fører då dessverre til at trenden med denne typen søksmål vil halde fram, og vi står då i ein situasjon der vi ikkje veit kva for jus som blir lagt til grunn av domstolane. Det er leit for alle, ikkje minst for dei som lurer på om dei kan ha eit krav mot ein kommune. Og det er trist.
I avgjerda frå Høgsterett kjem det også fram at Høgsterett avviser dei tre organisasjonane som ønskte å vere partshjelparar i ei eventuell sak.
Det var Trafikkforsikringsforeningen (TFF), Yrkesskadeforsikringsforeningen (YFF) og KS – Kommunesektorens Organisasjon.
Advokat Terje Marthinsen er overraska over konklusjonen frå retten.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK– Bra med eit punktum
– Vi meiner at slike saker må bli behandla av rettsvesenet, likt over heile landet. Det viktigaste for oss var å få ei snarleg avklaring i ankespørsmålet, sa ordførar Stian Skorgen Scheide (H) tidlegare i år.
I ei pressemelding skreiv kommunen då at dei hadde fått klare tilrådingar frå forsikringsselskapet og advokaten til kommunen om å anke.
Etter avgjerda frå Høgsterett seier Skorgen Scheide følgande:
– Eg registrerer det Høgsterett no har sagt og det respekterer vi fullt ut. No har vi fått ein rettskraftig dom, seier han.
– Det viktigaste er at det har vore ein lang og vanskeleg prosess. Spesielt for søskena som har stått i dette i åtte år. Det er bra at ein no har fått eit punktum, legg han til.
Ordførar Stian Skorgen Scheide
Foto: Synnøve Hole / NRKSyskena saksøker kommunane
I 2018 saksøkte syskena, ved hjelp av advokat Mette Yvonne Larsen, Hareid og Ulstein kommune og bad om erstatning.
Er saka forelda?
Tingretten sa då at dei ikkje ville behandle saka fullt ut før dei hadde svar på om ho var forelda – altså at det som hadde hendt var for lenge sidan til at retten kunne seie noko om det.
Ja!
I oktober 2020 kom retten fram til at saka var forelda.
Øvrelid-syskena anka avgjerda til lagmannsretten.
Ikkje forelda likevel
Lagmannsretten meinte våren 2022 at saka ikkje var forelda og at syskena dermed kunne be kommunane om erstatning.
Høgsterett sa nei
Hareid og Ulstein kommune anka avgjerda til Høgsterett. Dei sa likevel nei til å sjå på saka, fordi ho ikkje var prinsipiell nok.
Ei full rettssak
Dermed vart erstatningssaka fullt ut behandla i Frostating lagmannsrett like før jul 2022 – fire år etter søksmålet kom.
- Josef Benoni Ness Tveit
Dom i lagmannsretten
Dommen i Frostating lagmannsrett kom i mars 2023: Dei to yngste syskena fekk erstatning frå kommunane. Dei tre eldste fekk ikkje erstatning. Avgjerda blei anka til Høgsterett.
- Josef Benoni Ness Tveit
Opphevar dommen
I september 2023 blei det kjent at Høgsterett opphevar heile dommen frå lagmannsretten for dei tre eldste syskena. Dei fekk dermed opp saka si til ny behandling i Frostating lagmannsrett våren 2024.
- Mia Sofie Ytreberg / NRK
Fekk erstatning
I juni kom Frostating lagmannsrett til at også dei tre eldste syskena hadde rett på erstatning. Dei fekk om lag 6,6 millionar.
- Josef Benoni Ness Tveit
Kommunen anka
I juli 2024 bestemte kommunestyret i Ulstein at dei også ville anke denne dommen.
- NRK
Får ikkje fremma anken
26. november 2024 har Høgsterett bestemt at dei ikkje vil behandle ankesaka. Dermed må Ulstein kommune ut med millionar.
Med dette er det sett endeleg punktum for saka etter fleire år i rettssystemet.
Vaks opp med valdeleg far
Barndommen var eit mareritt for syskenflokken på fem. Dei vaks opp på Sunnmøre på 50- og 60-talet med ein valdeleg far som plaga dei fysisk og psykisk. Sjølv om «alle» visste kva som gjekk føre seg, opplevde dei at ingen vaksne greip inn.
No er det også sett punktum for dei tre eldste.
Formannskapet i Ulstein bestemte samrøystes at saka skulle ankast, då dei behandla saka tidlegare i år. No set Høgsterett ned foten.
Foto: Synnøve Hole / NRK