Hopp til innhold

Uavgjort mellom Kristiansund og Brann

Kampen mellom KBK og Brann enda 2–2 på Nordmøre stadion.

Oskar Sivertsen sette ballen i mål tidleg i første omgang, før Brann utlikna og det stod 1–1 til pause.

KBK tok leiinga på nytt då Sebastian Jarl scora i andre omgang. Men etter 79 minutt utlikna bergensarane igjen og kampen enda 2–2.

– Basert på sjansar er det kanskje ikkje veldig ufortent at det ender uavgjort, sjølv om Brann hadde det meste av banespelet, rapporterer Arnt Erik Wenaas frå kampen.

Eliteserien i fotball 2024: Kristiansund - Brann
Foto: Beate Oma Dahle / NTB