Hopp til innhold

Turistvegen Trollstigen opnar – men kokkemangel skapar fortviling

Ein av dei mest trafikkerte turistvegane i landet har opna opp for sommarsesongen, men reiselivet langs ruta forventar ein svært usikker sesong viss dei ikkje får kokkane inn til Noreg.

Trollstigen

Køar med bilistar stod klare for å køyre opp Trollstigen, ein av dei klart mest besøkte turistvegane i Noreg.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Den populære turistvegen Trollstigen i Møre og Romdal som er kjend for dei krappe hårnålssvingane, opna endeleg på fredag. Det store snøfallet i april gjorde ryddinga av vegen utfordrande og dryg også i år.

Nils Hoel frå Isfjorden var den første som fekk køyre over Trollstigen i år. Han trur mange vil gjere det same.

Trollstigen

Nils Hoel stod først i køen blant mange som ville passere Trollstigen då den opna klokka 12 på fredag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det er ei oppleving, det er berre å sjå på naturen og det fine vêret. Eg reknar med at halve Noreg kjem hit i løpet av sommaren, seier Hoel.

Manglar kokkar

Edmund Meyer driv serveringsstadene og buene på toppen av fjellplatået. Han gler seg stort over å endeleg kunne opne, men ser med stor usikkerheit på korleis årets sesong blir.

– Det er utfordrande. Akkurat no har vi ikkje fått inn kokkane enno, så vi startar forsiktig, men vi håpar styresmaktene skjønnar at vi må ha nokon til å lage varmmat, seier Meyer.

Edmund Meyer på Trollstigen

Edmund «Mr. Trollstigen» Meyer var godt nøgd med at det kom tjukt av folk over Trollstigen ved opninga, men han ser på årets sesong som utfordrande.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Han har fem kokkar som ventar på å få kome inn til Noreg, men som ikkje har fått løyve til å kome. Nav har skaffa dei umiddelbart personale, men kokkar fekk dei ikkje tak i.

– Viss dei ikkje kjem inn så blir det lite for oss å gjere i haust, seier Meyer.

Trollstigen i Rauma

Trollstigen er blant dei desidert mest besøkte turistvegane i Noreg, ifølgje Statens vegvesen. Den går mellom Åndalsnes i Rauma og over fjellet til Valldalen og Geiranger på Sunnmøre.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Står i fare for å legge ned

I Valldalen kunne serveringsstaden Jordbærstova no stått klare for å ta imot bilistar og motorsyklistar på veg ned frå Trollstigen.

Men det går ikkje utan dei tre polske kokkane deira, og dermed må dei framleis halde stengd.

Dei har alt søkt, men fått avslag fordi kokkane ikkje er samfunnskritiske. No søker sunnmøringane igjen, og grunngjev med at dei er næringskritiske.

Åse Erstad, Jordbærstova.

Åse Erstad driv serveringsstaden Jordbærstova i jordbærbygda Valldalen i Fjord. No fryktar ho for drifta.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Viss vi ikkje får tak i verken norske kokkar eller dei polske, må vi vurdere å halde stengt vidare. Vi kan ikkje tilsette folk for å berre selje vaflar, det er ikkje berekraftig her, seier Åse Erstad.

Dermed vil dei fem servitørane deira truleg miste jobben.

– Eg synest det er veldig vanskeleg. Å legge ned drifta eit år trur eg er veldig negativt, seier Erstad.

Åse Erdal i Jordbærstova i Valldal.

Dei skulle eigentleg ha opna 1. mai. No skriv Åse Erdal tre nye søknader om innreiseløyve, ein for kvar av kokkane ho vil ha inn.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I fjor hadde dei enormt med gjester, men då fekk dei polske kokkane sleppe inn. Å få norske kokkar berre for ein sommarsesong er også vanskeleg.

Dei har gjort utleigebustaden deira om til karantenebustad og fått den godkjend av arbeidstilsynet. Alle papir er i orden, ifølge Erstad, som berre manglar eit ja frå Sjøfartsdirektoratet.

– Eg er evig optimist, så eg håpar det går i orden. Får vi eit nytt nei, så søker vi igjen.