Hopp til innhold

Turbinar tek ørn

Mange ørner blir tatt av vindturbinar på Smøla. Øya på Nordmøre har verdens tettaste bestand av luftens konge og ingen har til no funne løysingar for å hindre neddrepinga.

Video nsps_upload_2009_3_24_20_31_38_1570.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Farleg flukt

Pernille Lund-Hoel

Pernille Lund-Hoel er mastergradstudent ved NTNU og har forska på ørna si adferd på Smøla.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei som har studert ørn i flukt har funne ut at luftens konge ikkje bryr seg om vindturbinar. Og nettopp der ligger faren for den freda fuglen.

Utan frykt for rotorblada blir dei lett eit offer.
Flukta mellom rotorblada blir ein leik med døden uten at ørna er klar over det.

Adferden er den samme no som før det blei sett igang vindkraftproduksjon på øya, og flukten er den samme mellom vindturbinane som utanfor det utbygde området.

Deler av ørnebestanden i øykommunen Smøla på Nordmøre er tatt av vindturbinar i løpet av dei siste fire åra. Øya har verdens tettaste forekomst av ørn, og no er 23 ørner drept av dei store og tunge turbinblada.

Vanskeleg å finne løysingar

Kjetil Bevanger

Kjetil Bevanger

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei som har studert fluktmønstera vil prøve å finne ut om det er mogleg å gjere rotorblada meir synlege for fuglen. Men det som ville vere det beste tiltaket, ville vere å plassere vindturbinane i område der det ikkje er ørn.

Det seier prosjektleiar Kjetil Bevanger i Norsk Institutt for Naturforsking.
For Smøla sin del er dette for seint.

- Ørna ensar ikkje faren

Leiar i Norsk ornitologisk forening, Alv Ottar Folkestad seier det ikkje er mogleg å hindre ørn i å bli tatt av rotorblada. Han seier at ørna har langt betre syn enn menneske og ser utan tvil dei store konstruksjonane. Det er ikkje der faren ligg. Saka er at ørn ikkje er van med å ha fiendar i lufta og dermed ikkje ensar faren som trugar.

Video nsps_upload_2009_3_25_9_43_19_1590.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Alv Ottar Folkestad i studio med May Britt Haukås

Sjå ørna i farleg flukt mellom turbinane

Video nsps_upload_2009_3_25_11_25_30_1594.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ørn i farleg flukt mellom vindturbinane på Smøla. Foto: Eirik Haukenes

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL