Hopp til innhold

Tryggare på vegane no

– Kontrollar viser at stadig fleire trailersjåførar køyrer på gode vinterdekk. Det gjev tryggare vegar, seier Statens vegvesen.

Vintervegar
Foto: Frode Berg / NRK

Kontrollar viser at stadig fleire trailersjåførar køyrer på gode vinterdekk. Det gjev tryggare vegar.

Ingemar Danielson

Ingemar Danielson

Foto: Frode Berg / NRK

I dag var det dekkontroll på E39 i Romsdalen. Målingane viser at trafikksikringsarbeidet verkar. Resultatet frå kontrollane viser at fleire trailersjåførar følgjer norske dekkreglar. Det gjer vegane tryggare.

-Dagen i dag har vore bra. I dag har vi skreve ut berre eit par gebyr, fortel Frank Sandvik i Statens vegvesen.

Store lastebilar på norske vintervegar kan vere farlege. Ofte kan de følast trugande også for erfarne trailersjåførar.

-Det kjennast utriveleg å møte de, seier trailersjåfør Ingemar Danielson. Han er ein av de som blei stoppa i kontrollen.

Utanlandske vogntog verst

Frank Sandvik

Frank Sandvik i Statens vegvesen,

Foto: Frode Berg / NRK

Det er ofte utanlandske vogntog som har hatt dårlege dekk, men dette har forandra seg. Etter kvart har utanlandske transportørar fått praktisk i Noreg, og lært å tilpasse seg, seier Sandvik.

Og dei norske sjåførane er godt skodd for vinteren når den no er her igjen.

–Eg må seie eg er ekstremt bra førebudd ja. Eg er nøye med kjettingar, seier trailersjåfør Bjørge Gruben.

–Alle er veldig positive til kontrollar. Det handlar om trafikktrygging og alle ynskjer å ferdast så trygt som mogleg. Det er Ikkje kjekt å møte ein som er dårleg skodd eller har dårleg lastesikring eller andre forhold som gjer at han ikkje burde vere på vegen, seier Sandvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL