Trur samarbeidet vil gå bra

Noverande Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) blir varaordførar i nye Ålesund kommune. Det blei klart etter forhandlingar i går kveld. Fleirtalskoalisjonen består av sju parti (Ap, Sp, SV, KrF, MDG, Rødt og V), men Krogsæter trur samarbeidet skal gå seg til. – Sjølv om vi no er ei gruppe med stor politisk spennvidd så må vi fokusere på jobben vi skal gjere og ikkje dei detaljane som vi er ueinige om, for vi er einige om det meste, seier han.

Vebjørn Krogsæter og Eva Vinje Aurdal
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK