Hopp til innhold

Truleg ingen skadelidande etter mobiltrøbbel

Politiet i fylket har ikkje fått melding om at nokon har lidd skade etter at det i ettermiddag og kveld var problem med å kome i kontakt med politiet via mobiltelefon.

Mobiltelefon i handa

I rundt fire timar i kveld var det problem med å nå politiet via mobilnettet.

Foto: Eirik Haukenes

Ein feil på mobilnettet gjorde at politiet var utan mobilnett i ein periode fredag kveld. Feilen opptod ved 15.30-tida,og var retta opp igjen ved 20-tida i kveld.

Ta kontakt

Naudnummeret 112 og naudnett til politiet vikra som normalt.

– Her i Romsdal og på Nordmøre har inge blitt skadelidane, så vidt vi veit. Men vi hadde problem med brot på linjene mellom AMK og oss under kollisjonen mellom to bilar i Rindal i ettermiddag. Det var også problem med å nå fram til Rindal via mobiltelefonen, fortel operasjonsleiar Frode Gjøsund til NRK.

Han seier sambandet blei brote fleire gonger. Naudnettet til politiet virka greitt, bortsett at alt gjekk tregare enn normalt på grunn av feilen.

– Dersom nokon prøvde å kontakte oss via mobilnettet utan å lukkast, må dei ta kontakt igjen dersom dei framleis skulle treng hjelp, seier Gjøsund.

Frode Gjøsund

Frode Gjøsund er operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Politiet

Gjøsund arbeider no med å skrive ein rapport til Politidirektoratet om det som skjedde, og seier han så langt konkludere med at ingen på Nordmøre eller i Romsdal har vorte skadelidande.

Greitt på Sunnmøre

Politiet Sunnmøre ikkje har heller ikkje fått melding om at personar har vorte skadelidande på grunn av feilen i mobilnettet.

– Publikum kunne hele tida kome i kontakt med oss på vanleg måte. Men vi veit at alle mobilkundar utanom dei som har Netcom-abonnemenet, hadde problem med å nå oss, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Sunnmøre politidistrikt.

Også dei er i ferd med å rapportere inn til Politidirektoratet om sitasjonen etter at feilen på mobilnettet oppstod.

Politiet er ein av dei største kundane til Phonero, som fusjonerte med Ventelo ved nyttår. Og det var hos dette selskapet feilen oppstod.

Alt mobilsamband til politiet skal no vere som normalt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL