Hopp til innhold

Fann nedgrisa prideflagg utanfor skule i Ålesund - politiet startar etterforsking

Flaggstanga ved Latinskolen i Ålesund står tom. Politiet startar etterforsking av hærverk etter at prideflagget blei funne på bakken.

Prideflagg i Ålesund

Politiet har henta med seg det tilgrisa prideflagget til politistasjonen i Ålesund. No blir det starta etterforsking.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Prideflagget ved Latinskolen i Ålesund fekk ikkje henge i fred meir enn nokre timar. Måndag kveld rykte politiet ut etter melding om at skulen sitt store prideflagg er funne tilgrisa på bakken.

Tidlegare på dagen blei det heist i den store flaggstanga framfor skulen, i samband med pridemarkeringa i Ålesund dei neste to vekene.

Ole Reinlund

Rektor Ole Reinlund synest saka er trist og lei.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er berre trist. Og så ønskjer eg ikkje at dei som står bak få meir merksemd enn det dei allereie har fått, seier rektor Ole Reinlund.

Dermed sto flaggstanga utanfor Latinskolen måndag kveld tom igjen, og flaggtaua vaia fritt i vinden.

Tom flagg ved Latinskolen

Flaggstanga ved Latinskolen i Ålesund måndag kveld.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Les også Som 12-åring hadde Torjus trengt at skolen heiste regnbueflagget

Torjus Levisen Johansen

Startar etterforsking

Det var skulen sjølv som varsla politiet. Politiet vil no starte etterforsking av saka.

– Vi fekk melding om at flagget var fira og at det lagt mykje søppel oppå det. Mellom anna var det rømme som var helt utover, og litt anna, meinte dei som fann det, seier operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes ved Møre og Romsdal politidistrikt måndag kveld.

Tove Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes ved Møre og Romsdal politidistrikt seier dei opprettar ei sak på forholdet.

Foto: Casper Kanestrøm / Politiet

Debatt om flagging i Ålesund

Det har vore stor debatt rundt prideflagginga i Ålesund etter at kommunen først ville nekte skulane å flagge.

I ettertid har kommunen snudd, og ei rekkje skular har varsla at dei vil heise det omstridde flagget.

Ålesund vidaregåande flaggar ved alle dei tre avdelingane sine i Ålesund.

Latinskolen i Ålesund

Latinskolen i Ålesund. Flaggstanga er tom.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Mistenkjer ikkje eigne elevar

Det er elevar frå Ålesund vidaregåande som tek idrettsfag og påbygg som no held til på skulen. Det skal ikkje vere mistanke om at noko av dei står bak.

– Sansynlegheita for at det er nokon utanfor skulen er stor, vi har ikkje mistanke mot våre eigne elevar, seier rektor Ole Reinlund.

Han seier dei no vil sjå om dei kan finne eit nytt flagg å henge opp.

Ålesund sentrum

Prideflagginga har ført til skarpe diskusjonar i Ålesund i sommar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Les også Meiner pride bør ut av skulen: – Skulen skal vere fri for politikk og ideologi

Amanda Iversen Orlich