På gardstunet ved Remmem gard plukkar dei framleis glasbrot og takplater som ramla ned i helga.
Marius Remmem og Linn Kristin Hestad på Marstein i Romsdal vakna klokka 03.30 natt til laurdag av at heile huset rista.
– Det var eit inferno, rett og slett, seier Remmem.
Marius og Linn Kristin Remmem driv gard med rundt 100 ammekyr på Marstein i Rauma.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKFor få dagar sidan vann dei kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal. Dei driv rundt 1000 dekar jordbruksareal, fordelt på 21 bruk.
Riksantikvaren har peika ut området som kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse, innimellom stupbratte fjell og massive steinblokkar.
Fekk sjokk
Men takplatene er berre småtteri samanlikna med øydeleggingane i skogen. Remmem trur fleire tusen kubikk skog ligg flat etter uveret. Han fekk sjokk då han køyrde seg ein tur søndag for å kartlegge skadane.
– Det må kome profesjonelle aktørar å ta seg av oppryddinga. Dette er livsfarleg arbeid etter eit vindfall, seier Remmen.
Det var sterke krefter i sving på Marstein.
Øyvind Sandnes / NRK
Ber folk la saga stå
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal oppmodar privatfolk om å droppe å rydde opp vindfelte tre sjølv, og heller få hjelp av profesjonelle.
– Nokre av trea som har ramla ned står i spenn, og då er det farleg å begynne å sage visst ein ikkje har god kompetanse, seier statsforvaltar Else-May Botten.
Tre ligg velta over store område langs vegen.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKMindre tre som ligg over vegen kan det vere nødvendig å fjerne sjølv, men ho ber alle om å vere svært forsiktige.
Ekstremvêret Amy gjorde at over 100.000 miste straumen, fleire miste mobildekninga, vegar vart stengde, det var store vasslekkasjar og tak flaug av bygningar.
Så langt har det kome inn over 8000 skademeldingar til dei ulike forsikringsselskapa.
Løa vart til pinneved
I Surnadal står Knut Brenden og ser på restane av gamleløa. Berre murane står att, resten er pinneved.
– Det er heilt forferdeleg. Du mister jo nattesøvnen, seier Knut Brenden. På det verste var vinden på 50 sekundmeter og det gjekk ikkje an å stå oppreist.
Den gamle løa til Knut Brenden vart fullstendig smadra under ekstremvêret Amy.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKTidlegare på formiddagen var Brenden på jakt, utan at vinden var noko problem. Men den auka på, og Brenden kan ikkje minnast ein liknande vind.
I 1982 kom det eit kraftig vindkast som tok ytre enden på fjøset, men det var ikkje i nærleiken av ekstremvêret Amy.
– Eg må leige inn gravemaskiner eller traktor for å få det rydda opp og køyrt det vekk, seier Brenden. Han håper att han får hjelp frå forsikringsselskapet.
Brenden må leige inn hjelp til oppryddinga.