Hopp til innhold

Dette er ikkje Syden, men Ålesund

Preben Aakernes Willmann jaktar den gode stemninga som eksotiske plantar gir han. Fleire dyrkar no palmar i hagane sine.

Preben Aakernes Willmann har palmer i hagen i Ålesund. Han ligg på ei solseng og nyt livet

Preben Aakernes Willmann bur på Hankane i Ålesund. Han er ein av fleire i kommunen som har palmar i hagen.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Med hawaiishorts, solseng, varm haustluft og palmesus har Preben Aakernes Willman oppfylt draumen sin, heime i hagen på Hankane i Ålesund.

– Det er jo ingen som trur at ein kan gro palmar i Noreg. Då blir det ekstra spanande å pushe grensene, seier Willmann.

Den idylliske tomta hans ligg nær sjøen, og det milde klimaet er grunnen til at palmane trivast i hagen til Willmann. Det er sjeldan minusgrader her og vinteren er snøfattig. Han blei biten av palmebasillen etter at den første palmen han planta ut, overlevde vinteren utan problem.

No prøver han ut palmesortar som ikkje er like enkle å få til.

– Draumen er å ha eit basseng her omgitt av palmar.

Preben Aakernes Willman dyrkar palmer i Ålesund. Her fyller han på jord på ein nyinnkjøpt palme
Et nærbilde av en palme i Ålesund

Preben kjøper som regel palmane når dei er på sal på hagesentera. Nokre er store når han kjøper dei, andre er små.

Øyvind Sandnes/ Mia Sofie Ytreberg

Palmegærningane

Willmann kjøper det meste av palmane på spesialbestilling frå utlandet. Men han handlar også når det er sal på hagesentera, og ventar til året etterpå med å sette dei utandørs. Det viktigaste for palmane i jorda er at det er grave store nok hol og at dreneringa er god.

Willmann har blitt kjend med andre palmeentusiastar og dei kan ha kontakt med kvarandre fleire gongar dagleg. Berre i Ålesund finst det 10-12 hagar med palmar.

– Det har tatt litt av, så ungane kallar oss palmegærningane. Dei synest at vi er litt tulne, ler Willman.

Palme på vinterstid i hagen til Preben Aakernes Willmann
Palme på vinterstid i hagen til Preben Aakernes Willmann

Slik ser den eksotiske hagen ut på vinterstid.

privat

På Facebook finst ei eiga nasjonal palmegruppe, der medlemmane utvekslar erfaringar.

Ein som deler interessa for palmer er Helge Hjelleflaten i Sandnes. Han starta for 15-20 år sidan og ser ei aukande interesse blant folk.

– Eg likar det litt tropisk og kjensle av ferie, sol og sommar, seier Hjelleflaten. Han har tre palmar planta i bakken, resten står i potter. Målet er at desse få sin faste plass i jorda etter kvart. Også på hytta har han planta ein palme.

Hjelleflaten meiner Sandnes er ein godt eigna stad for palmedyrking med eit mildt klima, men skulle det komme ein kald vinter, er det ein hårfin balanse.

– Det er eit marginalt prosjekt, men førebels har det gått bra.

Helge Hjelleflaten har palmer i hagen i Sandnes
Helge Hjelleflaten har palme på hytta i Lindesnes

Helge Hjelleflaten har palmer både heime i Sandnes og på hytta ved Lindesnes

Best langs kysten

– For å lukkast med palmar i Noreg er lokasjonen viktig. Det må vere varmt nok om sommaren og ikkje så kaldt på vinteren, seier Trine Hvoslef-Eide.

Ho er professor emeritus på Noregs miljø - og biovitskaplege universitet på Ås.

Dei mest eigna stadane i Noreg er langs kysten på Vestlandet, nedover i Vestfold og Sørlandskysten. Også Hvalerøyene er eigna, ifylgje Hvoslef-Eide.

Trine Hvoslef-Eide

Trine Hvoslef-Eide seier det er viktig for palmen at det ikkje er kaldt om vinteren.

Foto: Håkon Sparre, NMBU / NRK

Kan klimaendringar gjere det enklare å dyrke palmar i framtida?

– No er slik at klimaforandringar kan vere så mykje. Det er ikkje berre at det blir varmare. Det blir også våtare og villare, og meir vind. Det er ikkje sikkert at palmar liker det så godt, seier Hvoslef-Eide.

Ho trur likevel at plantar som ikkje trivast så godt i norsk klima i dag, kan klare seg betre med høgare temperaturar og lengre sesong.

Et nærbilde av en palme

Mange ynskjer tropisk stemning i hagen.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Ingvild Vinterstø, som er varehussjef ved Plantasjen Forus i Stavanger, merkar at det er stor interesse for eksotiske planter.

– Vi sel meir og meir av sitrustre, palmar og oliventre. Det er mange som ynskjer middelhavstema i hagane sine, seier Vinterstø.

Ifølge Hans Jensen, kategorisjef i Plantasjen, er palmar trendy.

– Ja, vi har hatt auka sal av palmer dei siste åra, spesielt dei som blir brukte ute på terrassen om sommaren.

Preben Aakernes Willmann nyt livet på solsenga i hagen omgitt av palmer

Preben Aakernes Willmann drøymer også om basseng i hagen, omgitt av palmar.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Vil ha palmer i byparken

Willmann tenker på palmar døgnet rundt, og trur at det blir mogleg å dyrke trea både i nord og på ytre Austlandet i framtida.

Den eine palmekompisen hans har tatt kontakt med Ålesund kommune for å få dei til å plante palmar i byparken. Svaret var kontant nei.

– Det hadde vore stilig då. Du har fjordar og fjell som vi er kjent for. Og flott natur og i tillegg palmar på 62 grader nord. Det er kult, seier Preben Aakernes Willman.

Palme i hagen til Preben Aakernes Willmann i Ålesund
Palmer i ein hage i Ålesund

Hagane til Preben og ein kompis i Ålesund har eit eksotisk preg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Dronebilder av skadd skog etter stormen Amy

Skogen blei rasert av «Amy»: – Det var eit sjokkerande syn