Treng meir pengar

Vestlandsfylka gjer no ein samla framstøyt overfor kommunaldepartementet for å få meir pengar til satsinga på utsleppsfrie ferjer. Det er klart etter møtet i Vestlandsrådet i går. Fylkesordførar Jon Aasen meiner den grøne satsinga innan ferjedrifta har blitt ei kostnadsbombe, og at staten må yte meir overfor ferjefylka både på Vestlandet og i Nordland for å få til satsinga på utsleppsfrie ferjer.

Portrett av Jon Aasen
Foto: Sissel Brunstad / NRK