Hopp til innhold

Tredje dårlegaste vegane i landet

Ein ny rapport viser at Møre og Romsdal er det tredje dårlegaste fylket i landet når det kjem til vegstandard.

Trailer i vegkanten

Trailer i vegkanten skapar trafikktrøbbel. Smale vegar er eit problem, meiner bussjåfør Per Ove Kalvøy.

Foto: Ole Anton Brekke

Ordførar i Stranda kommune, Frank Sve (FrP), som også er leiar i samferdselsutvalet i fylket er sjølv fortørna over vegstandarden og slettes ikkje overraska over rapporten.

Han meiner fylket har fått katta i sekken når dei tok over vegar frå staten.

– Vi har 700 millionar kroner i etterslep på vedlikehald og 700 millionar kroner i etterslep på ferjekai og ferjeoppstillingsplass. Det viser at vi er svært dårleg stelt her i fylket. Vi har vorte tvinga til å ta over noko som er halde svært dårleg ved like, seier Sve til NRK.

Frank Sve(FrP)

Frank Sve (FrP) er ikkje overraska over dne nye rapporten.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ikkje overraska

Berre Troms og Sogn og Fjordane har verre vegar enn Møre og Romsdal.

– Det kom ikkje som noko sjokk, og vi har vore heldige som ikkje har hatt noko stor ulykke, seier bussjåfør Per Ove Kalvøy som køyrer mellom Ålesund og Åndalsnes.

Han meiner 1/3 av turen går på svært smale vegar, og kunne godt tenkt seg betre køyreforhold.

– Når du køyrer på ein veg på akkurat fem meter er det ingen margin når ein møter eit anna stort køyretøy. Då skal det ingenting før det går gale, meiner Kalvøy.

– For smale vegar

Over 80 prosent av dei viktigaste vegane i Møre og Romsdal er for smale for å halde mål, seier den nye rapporten frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV).

– Om ein ser på kor mange bilar som køyrer denne strekninga meiner eg at dette er Noregs dårlegaste veg. Vi må få ei større satsing på vegbygging her i fylket, meiner Kalvøy.

Per Ove Kalvøy

Bussjåfør Per Ove Kalvøy.

Foto: Frieda Wik

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL