– Dei tre i 20-åra vart avhøyrde i saka like før jul. Mennene er alle svenske statsborgarar og ingen av dei har tilknyting til Sunnmøre, seier politiadvokat Gudrun Kalvatn, i ei pressemelding.
Det var natt til søndag 24. november politiet vart varsla om eit innbrot i ei klesforretning i Ålesund.
Les også:
Tjuvane hadde kome seg inn i forretninga ved å knuse eit vindauge og dei fekk med seg kostbare klede til ein verdi på rundt 300.000 kroner.
Mennene vart observerte av vitne under tjuveriet og også då dei stakk frå staden i bil. Seinare vart bilen funnen att og sikra.
– Så langt har ikkje alt av tjuvgodset kome til rette og politiet arbeider enno med saka, seier Kalvatn.
Hovudforhandlingar er venta i slutten av januar.