Hopp til innhold

Både Ålesund, Volda og Molde vil kjempe om opprykk

Handballsesongen har allereie tjuvstarta med NM, der Volda-damene slo ut Ålesund tysdag. Til helga går startskotet for 2. divisjon, og tre lag frå Møre og Romsdal er favorittar.

Volda Handball

Volda-trenar Alfred Ørn Finnsson var fornøgd etter at laget hans hadde vunne 23-21 over Ålesund i 3. runde av NM. Her saman med Laima Bernataviciute, som blei toppscorar i kampen. Ho er ein av fleire spelarar som forsterkar Volda-stallen.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Hovudkonkurrentane våre er i hovudsak Molde og Volda. Det er litt kjekt at Møre og Romsdal fører an i denne divisjonen.

Det sa Ålesund-trenar Thomas Buchardt etter NM-kampen i Fagerlihallen tysdag.

Laget hans tapte 23–21 mot Volda, som nok var førehandsfavoritt.

– Avansementet var det viktigaste i denne kampen. Vi hadde presset på oss mot Ålesund, og det var ein del høge skuldrer, sa Volda-trenar Alfred Ørn Finnsson etter cupsigeren.

No håper han på Eliteserie-motstand i 4. runde – helst på heimebane. Trekninga skjer torsdag.

Thomas Buchardt

Thomas Buchardt trur tre lag i Møre og Romsdal kan ta dei tre øvste plassane i 2. divisjon, avdeling fem.

Foto: Privat

Tre vil opp til 1. divisjon

I Møre og Romsdal har Kristiansund eit herrelag i 1. divisjon, det nest høgste nivået. På damesida er det ingen lag på dei to øvste nivåa, men tre lag satsar hardt.

I fjor vann Volda 2. divisjonsavdelinga, der lag frå Møre og Romsdal og Trøndelag deltek. Men laget rykka ikkje opp etter tap i kvalifiseringa til 1. divisjon.

I år har både Volda, Ålesund og Molde styrka spelarstallen.

– Alle som satsar vil bli nummer éin

For fjorårets 2. divisjonsvinnar, Volda, er ikkje sesongmålet hogga inn i stein. Men ...

– Vi har sjølvsagt lyst til å vere med i toppen, nikkar Ørn Finnsson.

For naboane nordover er måla litt meir handfaste, men begge ser på Volda som favoritt.

– Målet er å få ei betre plassering enn i fjor, seier Molde-trenar Igor Terzic.

Molde kom på 2. plass i 2011/12-sesongen.

– Vi vil kjempe heilt øvst. Alle som satsar vil bli nummer éin, og vi skal prøve så godt vi kan. Men det gjer Ålesund og Volda òg, så det blir mange veldig tøffe kampar i år, trur Terzic.

Medan Molde har innleia samarbeid med eliteklubben Levanger, og får forsterkningar frå Trøndelag, har Ålesund fått inn rutinerte spelarar.

– Vi har fått inn spelarar som gjer at vi har mange strenger å spele på. Vi skal bli topp tre, seier Ålesund-trenar Buchardt.

– Vi får sjå kva av dei tre plassane vi tek. På sikt blir det forhåpentlegvis både eitt og to lag i 1. divisjon, avsluttar Buchardt.

Til saman er det 12 lag i avdelinga. I tillegg til Molde, Volda og Ålesund, er Elnesvågen representant frå Møre og Romsdal. Dei åtte andre laga er frå Trøndelag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL