Hopp til innhold

Tre arresterte for pågåande blomstersal blant eldre

Politiet har søndag ettermiddag arrestere to kvinner og ein mann for å ha vore svært pågåande med ei rekkje eldre fleire stader på Sunnmøre.

Søndag ettermiddag er dei tre på veg til politistasjonen, etter at dei blei arresterte i Ørsta, etter mange tips om pågåande sal av blomster.

– Det problematiske er at dei oppsøkjer eldre folk og er såpass pågåande at dei eldre kjøper seg forplikta til å handle til ein veldig høg pris, seier operasjonsleiar Jon Bratland.

Nyhetstips 03030 NRK Nyheter
Foto: NRK
  • Har du bilde eller informasjon om saka?

Nyhetstips 03030

Av omsyn til etterforskinga vil han ikkje seie nøyaktig kor mykje dei tre skal ha bedt om å få, men Bratland seier fleire eldre har handla med dei tre.

– Det er fleire som har følt seg pressa til å kjøpe, fleire som har kjøpt og også fleire som har sagt at dei ikkje har pengar, seier han.

Skal ha oppsøkt svært mange

Laster Twitter-innhold

Dei tre skal ifølgje politiet ha snakka svensk, og blei arresterte i ein svenskregistrert Passat i Ørsta søndag formiddag. Politiet har førebels ikkje oversikt over kva for nasjonalitet dei tre har.

Bratland seier politiet har fått inn veldig mange meldingar både fredag, laurdag og søndag frå Blindheim og Sørneset i Ålesund, Vigra i Giske og til slutt Ørsta.

– Det er veldig mange som har blitt oppsøkt dei siste tre dagane, mange titals personar, seier han.

Førebels ikkje sikta

Laster Twitter-innhold

Dei er førebels ikkje formelt sikta for noko, og Bratland kan ikkje seie når det skjer.

-– Vi veit ikkje når vi får avhøyrt dei, seier han.

Politiet skal ha fått fleire tips etter at dei laurdag bad om at folk kontakta dei dersom dei var i kontakt med blomsterseljarane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL