Hopp til innhold

Frakta til sjukehus etter traktorulykke

Ein mann er frakta til St. Olavs hospital i luftambulanse med alvorlege skader etter ei traktorulykke på Tustna i Aure.

Ein person er skadd etter ein traktorulykke i Aure kommune.

Det var klokka 11.45 at politiet først meldte om ein traktorvelt på Tustna i Aure kommune på Nordmøre. Alle naudetatane rykka ut til ulykka.

Klokka 12.20 hadde politiet akkurat kome til staden og klokka 12.45 var også luftambulansen på plass. Mannen blei så frakta til St. Olavs hospital i Trondheim for vidare behandling.

– Skadeomfang er så langt ukjent, men det kan vere snakk om alvorleg personskade, seier Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet.

Føraren av traktoren skal ha vore bevisst etter ulykka.

Rulla over personen

Ifølge politiet skal traktoren ha rulla over mannen. Det var pårørande som meldte frå om ulykka.

Politiet har gjennomført åstadundersøkingar på staden i dialog med kriminalteknikarar. Desse blei avslutta i 14.00-tida, fortel Molnes. Saka blir etterforska av politiet.

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er også varsla om ulykka.