Hopp til innhold

Trafikkulukke på Linge i Norddal

Det har vore ei trafikkulukke på Linge i Norddal. To personar er skadd og har vorte frakta til Ålesund sjukehus med luftambulanse.

Ulykke på Linge i Valldal

Det var til saman fire personar i bilane som kolliderte på Linge i Valldal.

Foto: Randi Flø/Storfjordnytt

Dei to personane som har vorte behandla på intensivavdelinga til Ålesund sjukehus, ein mann og ei kvinne i 60-åra, har begge fått lettare skadar og tilstanden skal vere stabil. Det melder Helse Møre og Romsdal søndag kveld.

Det var ei stund lange køer og manuell dirigering på staden. No har køene løyst seg opp.

–Kollisjonen skjedde mellom møtande bilar cirka 500 meter aust om ferjekaia på Linge, seier operasjonsleiar i Sunnmøre Politidistrikt, Arild Reite

Fleire i bilane

Han fortel at det til saman var fire personar i dei to bilane.

–To personar framstår som uskadde, mens to er skadde. Vi veit ikkje noko om skadeomfanget anna enn at dei no er henta av luftambulanse, sa Reite til NRK tidlegare i dag.

Linge i Valldal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL