Hopp til innhold

Trafikkuhell Ørsta

  • Skadd etter kjedekollisjon

    Politiet opplyser at kollisjonen i Ørsta skjedde ved at ein bil ikkje klarte å stoppe og køyrde difor rett inn ein bil som stod stille. Dette førte til ein kjedekollisjon mellom dei fire bilane som stod etter kvarandre. Føraren av den bilen som først vart treft hadde nakkesmerter og blei sendt til sjukehus for sjekk. Ein bil som kom i motsett retning blei treft av bildelar og fekk materielle skadar. Sak vert oppretta mot føraren som var årsak til ulykka, ein mann i 20-åra.

  • Tre bilar kolliderte i Ørsta

    Det har vore ein kollisjon mellom tre bilar i Kirkegata i Ørsta. Operasjonsleiar i politiet, Arild Reite, opplyser at ein person er skadd. Det er manuell trafikkdirigering på staden, og alle naudetatane er på plass.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL