Optimismen kom då trafikken forsvann. Ei vegomlegging i Gjemnes har nemleg gjort Batnfjorden om til ei sommarperle.
– Dette er ei herleg oppleving, fortel bestefar Hasse Gaupset – ståande midt ute i gamlevegen.
Sonen og barnebarna er på ferie på Nordmøre frå Kirkenes. Sist gong han var på besøk var det konstant trafikkstøy like ved huset.
– Vi stod ein liten halvtime då dei kom frå Kirkenes i dag, sonen min seier at han ikkje har opplevd makan, seier Gaupset.
Endeleg kan føre ein samtale
Gamle E39 langs Batnfjorden har blitt heilt roleg. Lenger oppi lia opna ein ny veg for om lag eitt år sidan.
No passerer ikkje lenger dei om lag 4000 tusen bilane heilt inntil husveggen.
– Det gjekk ikkje an å prate, føre ein samtale, før vegen blei lagt om, erindrar Tove Bodil Lindblad Skjølsvik.
No sit ho og solar seg i solveggen ut mot vegen. Der er det knyst stilt, og plutseleg har feriebustaden blitt glimrande.
– Det er berre eit nytt liv, altså. Eg veit ikkje kven vi skal takke for denne vegomlegginga, men det er vel fleire tenkjer eg, seier Lindblad Skjølsvik.
Bli meir faste bustadar
Alf Høgset, driftsleiar i Gjemnes kommune, fortel om større iver for å satse langs gamlevegen.
– Vi fekk nokre førespurnader frå folk som bur i andre delar av landet og som har vore på ferie her. Dei ser no moglegheita til å utvikle fritidshusa til å bli meir faste bustadar, seier Høgset.
For Hasse Gaupset er draumen allereie realitet.
– Det er herleg, å kunne sitje på verandaen og prate saman. I staden for å ta kunstnarpause kvart tiande sekund når det køyrde langtransport forbi.
– Ta her e' jackpot for alle pengan' det, gitt, legg han til.