Hopp til innhold

Starta som sommarjobb – men Rakel (12) og Mia (12) har planar om å utvide

Desse tolvåringane ligg ikkje på latsida i sommar. – Jobberfaring og driv er viktig for eit godt arbeidsliv, seier NHO.

Rakel Heen og Mia Breivik Bue.

GRAVPLASSEN: Rakel Heen og Mia Breivik Bue kjem til å bruke mykje tid på gravplassen i sommar.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

På gravplassen til Heen kyrkje i Isfjorden er det ikkje utenkeleg at du møter på Rakel Heen og Mia Breivik Bue i sommar.

– Vi steller graver til folk. Vi plantar nye blomstrar, vatnar, og lukar, seier Mia.

På eige initiativ har jentene skaffa seg nok kundar til å halde seg opptekne heile sommaren. Sommarjobben går altså ut på å stelle graver mot betaling for dei som ønskjer det.

– Vi likar å stelle med blomster og slikt, då synest vi det var ein god ide å legge ut eit tilbod for ein billeg penge, seier Rakel.

Sidan dei la ut annonsen på Facebook og i lokalavisa, så er det over 20 stykk som har meldt interesse. Så jentene har ein travel sommar i vente.

Store planar

Med den store interessa ser jentene også moglegheita til å utvide. Foreldra deira skal bygge eit drivhus, det får jentene disponere ein del av.

– Vi skal få eit hjørne der vi kan plante eigne planter. Då slepp vi å bruke pengar på ferdige planter etter kvart.

Rakel Heen og Mia Breivik Bue.

BETALING: Sjølv om Rakel og Mia tek pengar for arbeidet, så er det ikkje snakk om mykje. Dei tek 400 kroner for vatning, luking og planting ein sesong, som strekk seg frå mai til august.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Rakel og Mia har også planar om å gjere dette til ein heilårsjobb. Når sommaren er ferdig, så har dei allereie lagt planar for resten av året.

– Vi skal legge ut ei annonse på nytt til vinteren, då har vi tenkt å lage vi julekransar, måke snø av gravene og legge dei på, seier Rakel.

Næringslivets Hovedorganisasjon seier det jentene gjer er veldig positivt.

– Det er flott å høyre om initiativrike unge menneske som desse 12-åringane, seier avdelingsdirektør i NHO, Anna Louise Aartun Bye.

I utgangspunktet kan ein ikkje tilsette tolvåringar i ein jobb, men når dei jobbar på eige initiativ, så trur Bye at det kan gi dei verdifull erfaring vidare i livet.

– Jobberfaring og driv er noko av det som er viktig for eit godt arbeidsliv, og det er noko bedriftene ser etter når dei tilset, seier ho.

Dette bør du plante

Dei starta allereie så smått i fjor sommar, og Rakel har allereie klare tankar om kva som er best å plante på gravplassen.

– Stemor står seg godt om sommaren, men er ikkje glad i uvêr. Kantlobelia er veldig fin, den står seg veldig godt og blomstrar fint, seier Rakel.

Og jentene har fått mykje gode tilbakemeldingar på jobben dei gjer.

– Vi har fått veldig mange gode tilbakemeldingar. Dei synest det er veldig bra at to unge jenter hadde lyst å hjelpe gamle folk som ikkje klarer å ta vare på gravene sjølv, seier Rakel.