NRK Meny
Normal

Tøffe utfordringar for sauenæringa

Nesten alle undersøkte sauer i Møre og Romsdal har flåttbakteriar på seg. Det fører til store tapstal for sauenæringa.

Video Flott tar mange sauer

Kristin Sørheim ute på beite med sauene.

Sauenæringa er truga av flåtten. Enkelte bønder har mista opp mot ein tredel av lamma sine. No blir det arbeidd for fullt for å prøve å løyse utfordringane.

Les også:

- Det har vorte verre og verre

I Møre og Romsdal har nesten alle undersøkte sauer i flåttbakteriar på seg.

- Situasjonen har vorte verre og verre. Det har vorte heilt dramatisk dei siste fire fem åra, seier bonde og veterinær Kristin Sørheim i Torjulvågen på Nordmøre.

Flått på sau.

Flåtten vert eit stadig større problem for både sau og eigarar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

No blir alle krefter sett inn på å løyse problema. Den farlege flåtten trugar ei heil næring.

- Her har vi teke prøve i over fire år no, og det er 100 prosent av lamma som har vore smitta, fortel Sørheim.

Ho har som mange andre langs kysten opplevd å miste mange dyr dei siste åra.

- Eg veit ikkje om at det er noko anna tapsårsak her enn flåtten. I dei verste åra har vi mista rundt 30 prosent av lamma.

Flåtten er eit rovdyr

Fleire stader denne sommaren skal det testast kor tett flåtten står i terrenget.
Det blir forska mykje, for det er manglande kunnskapar på dette feltet.

- Flåtten utvidar områda sine stadig og utgjer då eit større problemetter kvart som åra går. Flåtten er eit rovdyr i forhold til det at den tek livet av sau, så den er eit like stort problem den som dei andre rovdyra, seier fylkesagronom i Møre og Romsdal, Åshild Melkeraaen.

Våryre sauer og lam trippar rundt, lykkeleg uvitande om at forskarar og styresmakter følgjer dei med argusauge. For bøndene er det umuleg å halde fram med så høge tapstal.

- No får vi sjå om desse tiltaka verkar, og om vi på sikt kjem fram til ei vaksine. Dersom ein ikkje gjer det, så kan ein nesten ikkje drive med sau i dette området, seier Kristin Sørheim.

Høyr Ann-Kristin Tveten som forskar på flått.