Det skal ha vore tyske turistar på fisketur som fekk problem då dei la ut frå øya Smøla på Nordmøre måndag.
Ifølgje folk på staden skal båten ha bli tatt av ei floing, eit brått veromslag. Politiet sin innsatsleiar, Jan Arild Hansen, stadfestar at dette var årsaka.
Innsatsleiaren opplyser at ein blei frakta til St. Olavs hospital med redningshelikopter. Tilstanden til vedkome er ukjent. Ein anna blei frakta til Kristiansund sjukehus med vann i lungene.
Dei to andre skal vere uskadd.
Vitne har skildra at båten med eitt låg på hovudet, og ein av tyskarane var ikkje å sjå.
Politiet stadfestar at dei har fått melding om eit forrykande uver.
– Vi fekk inn melding om at det var torever og mykje regn på staden, seier operasjonsleiar Finn Harald Saltskår ved Møre og Romsdal politidistrikt.
Jobbar for å hente opp båt
Dei tre tyske turistane skal ha vore ombord i ein mindre aluminiumsbåt, og politiet og eigarane av utleigefirmaet er i ferd med å forsøkje å hente båten opp frå havet. Det er fleire firma som leiger ut småbåtar til fiskeinteresserte turistar i området.
Øya Smøla ligg på kysten av Nordmøre og er eit populært reisemål for turistar frå inn- og utland som ønskjer å oppleve fiske og kystkultur.
Store styrkar i sving
Politiet melde om ulykka like etter klokka 17, og redningshelikopter frå Ørlandet, Redningsskøyra og naudetatar kom raskt til staden. Hovudredningssentralen gjekk også ut med ei Mayday-melding via Kystradioen.
Politiet melde først at det var tre personar ombord da båten kantra. Det skal ha vore fire personar, og alle er no gjort greie for.