Hopp til innhold

To slagsmål på Åndalsnes i natt

Politiet rykte først ut til slåsting på ein utestad på Åndalsnes der den eine parten skulle ha blødd frå nasen, men partane hadde stukke då dei kom fram. Så fekk dei melding om ein ny kamp i sentrum. Denne gongen fekk dei kontroll på ein mistenkt og to fornærma i 20-åra. Det var ingen som trong legehjelp. Dei blei bortvist og straffesak blei oppretta, skriv politiet på X.