Hopp til innhold

Timeekspressen: indre og ytre rute?

Når Eiksundsambandet opnar neste år, kan Timeekspressen komme til å køyre både ei ytre og ei indre rute til og frå Volda.

illustrasjonsfoto
Foto: Rainer Prang / NRK

I dag går bussen mellom Kristiansund og Volda via ferjesambandet Solavågen - Festøya.

- Når Eiksundsambandet opnar, er det to alternativ, sier samferdselsdirektør Arild Fuglseth. Det eine er å flytte ruta til Sulesund - Hareid - Eiksund. Det andre og mest aktuelle alternativet er å behalde dagens rute og i tillegg setje inn bussar på det ytre sambandet over Eiksund. Men dette vil krevje meir tenestekjøp frå fylket, og det blir eit økonomisk spørsmål.

- Det ytre sambandet går gjennom eit område med mykje folk - over 20 000 menneske - og dette kan gje bra med inntekter. Likevel, det er dyrt å drive bussruter i dag, og det krevst i alle fall tilskot, seier Fuglseth.