NRK Meny

Tiltalt for grov mishandling

Måndag byrjar rettssaka mot ein sunnmørsmann som er tiltalt for grov mishandling av familien sin i nesten 20 år. Ifølgje tiltalen har mannen banka sambuaren sin i årevis, og trua med å drepe henne. Han skal også ha vore valdeleg mot dei tre borna sine, og mellom anna stengt dei ute i kulden. Det er sett av fire dagar til saka.

Sunnmøre tingrett
Foto: NRK