Hopp til innhold

Tillet omstridd stoff i fisk

Mattilsynet har ei rekkje gonger aksjonert mot ulovleg bruk av polyfosfat i fiskeindustrien. No seier landbruksministeren at det er greit å bruke stoffet.

Lars Peder Brekk (Sp)

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp)

Foto: Ola Helness / NRK

Mattilsynet har mistenkt fiskeindustrien for å bruke polyfosfat til å auke vassmengda og vekta på fisken. Men stoffet kan også brukast til å fjerne blodrestar frå matvarene.

Fjerne blod

Landbruksministeren tillet no stoffet brukt som prosesshjelpemiddel. Det vil seie at stoffet kan brukast som eit middel til å fjerne blod frå fisk. Men det må ikkje vere att restar av stoffet når fisken skal ut på marknaden.

- Så vidt eg kjenner til er dette stoffet lovleg når det blir nytta som prosesshjelpemiddel og dersom det kan dokumenterast at det ikkje er reststoff i produktet, seier landbruksminister Lars Peder Brekk.

All bruk ulovleg

Mattilsynet har beslaglagt ein pall med polyfosfat (Foto: Mattilsynet)

Frå eit av beslaga der Mattilsynet har funne polyfosfat lagra på ei fiskebedrift.

Foto: Mattilsynet

Mattilsynet har hevda at all bruk og oppbevaring av stoffet er ulovleg. Under inspeksjon ved fire klippfiskprodusentar tidlegare i år, avdekka Mattilsynet at alle oppbevarte dette stoffet. Bedriftene hevda at stoffet utelukkande blei brukt til å rense fisken for blod.

- Eg har fått vite i dag at Mattilsynet og bedriftene har prosessar i gang for å løyse desse utfordringane. Og utfordringane går på at det ikkje skal vere restoff att i produktet, seier Lars Peder Brekk.

Mistenkjer matfusk i fisk

Siger for næringa

Dette er ein stor siger for fiskerinæringa, seier direktør i Fiskeri og havbruksnæringens Landsforening Henrik Stenwig.

- Dette er vi veldig glade for å høyre. Dette er eit standpunkt vi har hatt i fleire år. Vi har brukt relativt store ressursar på å vise at fosfat kan brukast som prosesshjelpemiddel.

- Sette næringa i dårleg lys

Sekk med polyfosfat.

Sekk med polyfosfat

Foto: Mattilsynet

FHL meiner at debatten som Mattilsynet har medverka til gjennom media har vore med på å skape eit dårleg bilete av fiskerinæringa.

- Kommunikasjonen rundt bruken av fosfat har vore svært uheldig for næringa. Mattilsynet har vel ikkje i utgangspunktet vore ute for å kriminalisere. Men når dette har vore omtalt i media, så har næringa kome veldig dårleg ut, fordi det har vore brukt ord som skulle tyde på at stoffet har vore skadeleg.