Hopp til innhold

Mistenkjer matfusk i fisk

Mattilsynet mistenkjer fire fiskebedrifter på Sunnmøre for å ha forsøkt å bruke eit ulovleg tilsetjingsstoff. Men påstanden er omstridd.

Mattilsynet har beslaglagt ein pall med polyfosfat (Foto: Mattilsynet)
Foto: Mattilsynet

Poenget skal ifølgje Mattilsynet ha vore å auke vekta - og dermed også prisen.

Under ein inspeksjon i midten av mai blei stoffet polyfosfat funne i fire bedrifter på Sunnmøre. Stoffet kan brukast til å auke vassmengda - og dermed også vekta - i fisk.

Hevdar ulovleg bruk

Anne Søyset i Mattilsynet hevdar at stoffet er brukt ulovleg:

- Vi trur at bedriftene har brukt stoffet til å bitte vatnet til fisken, og dermed få opp vekta, seier Søyset. Ho forklarar at polyfosfat er lov til å bruke i frysevarer for å erstatte vasstap ved opptining. Men hos saltfiskprodusentar kan stoffet bli brukt til å auke vassopptaket i fiskekjøt, og dermed også vekta. Sidan dei fire bedriftene ikkje driv med nedfrysing i utstrakt grad, hevdar Søyset dei heller ikkje har lov til å oppbevare stoffet polyfosfat:

- Dette er eit stoff som ikkje er lov til å bruke i produksjonen av saltfisk og klippfisk, seier Søyset.

Omstridd standpunkt

Men standpunktet er omstridd. Henrik Stenvik er direktør i Fiskeri- og Havbruknæringens Landsforbund. Dei har i mange år diskutert bruken av polyfosfat med Mattilsynet. Stenvik meiner at bedriftene har lov til å bruke stoffet i delar av produksjonsprosessen: - Kor vidt det er lov avheng av korleis stoffet blir brukt, kor mykje som blir brukt og når i prosessen, hevdar Stevik.

Sekk med polyfosfat.

Stoffet som blei funne under inspeksjonen til Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

Førebels inga politisak

Mattilsynet vil førebels ikkje melde dei fire bedriftene til politiet: ikkje slik som det er no, men dersom vi ser at dei held fram å bruke stoffet trass i presiseringane våre, kan det bli eit aktuelt virkemiddel, seier Søyset.