Det var like etter klokka 02.30 natt til laurdag at politi og ambulanse rykte ut til Stranda sentrum etter å ha fått meldingar om eit slagsmål.
– Det var fleire personar involvert i slagsmålet, og ein person blei frakta til sjukehus i ambulanse for sjekk, seier Tor-Andre Gram Franck, operasjonsleiar for politiet på Sunnmøre.
Då politiet kom fram til staden, hadde situasjonen roa seg. Fleire personar blir likevel meldt for forholdet.
– Vi har oppretta sak, og så blir det opp til det lokale politikontoret å etterforske saka, seier operasjonsleiaren.
Ingen skal ha blitt alvorleg skadd i slagsmålet.
Meldt for høg fart
I Molde blir ein mann i slutten av tenåra meld for køyring med for høg fart etter at bilen han køyrde hamna på taket i ei rundkøyring ved Legrovika i Molde.
– Bilen må ha hatt ei relativt stor fart for å kunne hamne på taket der, seier operasjonsleiar for politiet på Nordmøre og i Romsdal.
Førarkortet blei også beslaglagt av politiet.
Han og ein medpassasjer, også ein mann i slutten av tenåra, skal ikkje ha blitt skadd i ulukka.