Hopp til innhold

Ti-åring alvorleg skadd

Fekk tung gjenstand over seg.

Ein ti år gammal gut frå Eikesdal i Nesset er sendt til St.Olavs Hospital etter at han fekk ein tung gjenstand utover seg onsdag kveld.

Situasjonen for guten skal vere alvorleg, men stabil, får NRK Møre og Romsdal opplyst ved sjukehuset i Trondheim.

Guten vart sendt i helikopter til St.Olavs Hospital i Trondheim.