Hopp til innhold

Her testar dei om det er lurt å skjere i dekk

Å seipe, eller ikkje seipe. Det er spørsmålet Vegvesenet vil ha svar på.

Test av dekk

TEST: Grundig testing på blankpolert flyplass må til.

Foto: Roar Strøm / NRK

BJORLI (NRK): Seipe er kanskje ikkje det mest kjende ordet utanfor dekkmiljøet. Men det betyr altså å skjere spor i dekket med ei maskin for å gjere det betre. Men metoden er omstridd. Og no vil Vegvesenet ha endeleg svar på om dette er lurt – eller ikkje.

Testbane på Bjorli

Ein flyplass må til for å finne svar på spørsmålet. Og flyplassen på Bjorli i Lesja kommune passar perfekt som testbane. Ein gong for alle skal det bli slått fast: er det tryggare å køyre med dekk som har vore under kniven.

Målet med metoden seiping er å få dekket meir fleksibelt.

– Når noko blir tøyeleg og føyeleg mot overflata, så blir det betre kontakt mellom flatene, forklarar Ivar Hol medan testbilane til vegvesenet susar forbi han på den såpeglatte flyplassen på Bjorli.

Ivar Hol i Statens vegvesen

ER SIKKER: Ivar Hol i Statens vegvesen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Testar 40 dekk

Og testen er grundig. 40 forskjellige dekk blir testa. Nokre er seipa, andre ikkje.

– Nokre synest at seiping er dumt, andre at det er veldig bra. No vil skal vi dokumentere kva verknad seiping har, så det blir heilt uomtvisteleg.

Forskarar skal gå igjennom målingane som blei gjort på Bjorli i dag, men alt i dag er Ivar Hol i Statens vegvesen heilt sikker på kva resultatet blir.

– Vi har funne ut at dersom du seipar eit dekk, då blir det lettare å kome seg fram og bremselengda blir kortare. Trafikksikkerheten blir betre. Vi veit også at om du seipar eit utslite dekk, blir det nesten som det var nytt.

Dekk som det er seipet (skjært spor i) er mer trafikksikre. Det mener vegvesenet etter omfattende testing.