Hopp til innhold

Tatt for å ha køyrt for fort

Ein mann i 50-åra frå Sunnmøre er dømt til fengsel i 21 dagar for å ha køyrt for fort. I retten forklarte mannen at han skulle køyre forbi ein lastebil og ein personbil som hadde køyrt i 75 km/t i ei 80-sone. Ifølge mannen gassa føraren av den andre personbilen på då han skulle køyre forbi, og han fekk dermed sjølv alt for høg fart då han tok forbikøyringa. Mannen blei målt til 140 km/t i ei 80-sone.

I tillegg til fengselsstraffa mister han førarretten i 13 månader og må ta ei ny førarprøve.