Hopp til innhold

Tankbåt fekk motorstopp

Ein tankbåt var nær å gå på land då den fekk motorstopp i ettermiddag.

Tankskip med motorstopp

MOTORSTOPP: Ein tankbåt fekk motorstopp utanfor Bud i Fræna.

Foto: Ann Eli Nøsen

Tankbåten Christina fekk motorstopp utanfor Bud i Fræna i Møre og Romsdal på det frykta havområdet Hustadvika.

– Situasjonen er no under kontroll, ein slepebåt er på plass og vil slepe med seg båten til land, seier Nils Ole Sunde i hovudredningssentralen.

Det var i halv fire tida at hovudredningssentralen erklærte mayday etter at tankbåten melde at dei hadde fått motorstopp og drifta mot land. Det skal vere dårleg ver i området.

– Båten var ganske nærme med å treffe botnen, heldigvis var Frøy Harvest i nærleiken og kunne komme å slepe båten vekk frå land, seier Sunde.

Tankbåten Christina fekk motorstopp

NÆRME LAND: Frøy Harvest var raske med å hjelpe Christina.

Foto: Martin Furland

Frøy Harvest var berre ein halvtime unna og kunne byrje å slepe Christina. No har slepebåten Vivax teke over, og skal slepe båten til land.

Tankbåten hadde vore i Elnesvågen på Hustad marmor, før den skulle reise vidare til Aberdeen i dag.

Tankskip blir slept

SLEPT: Båten blir slept tilbake til Hustad marmor.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tankbåten fekk motorstopp på Hustadvika, som ligg mellom Molde og Kristiansund. Det er eit området med mykje skjer, og som er grunt.

Det var også her cruiseskipet Viking Sky fekk motorstopp i mars.

Ifølgje Romsdals Budstikke var det full alarm på Kystverket når båten fekk motorstopp. Om skipet hadde gått på grunn og byrja å leke olje, kunne det få store konsekvensar for miljøet,

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL