Hopp til innhold

Sunnmørsk lokalavis på polsk

Skipsverfta på Vestlandet har lokka til seg så mange polske arbeidarar, at lokalavisa i Ulstein og Hareid får ein polsk seksjon. Avisa med dei første polske sidene kjem ut i morgon.

VikebladetVestposten på polsk

Omsetjar Magdalena Galazka og redaktør Asle Geir Widnes Johansen er spente på korleis dei polske sidene i Vikebladet Vestposten blir mottekne.

Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det er lokalavisa VikeblandetVestposten som no tek konsekvensen av at lokalsamfunnet består av svært mange med polsk bakgrunn. I den første utgåva er det fire sider med nyheiter på polsk.

– Dei polske avissidene er eit handslag til dei polske arbeidarane som gjer ein viktig jobb i regionen vår, seier redakrør Asle Geir Widnes Johansen.

Prøveperiode ut juni

Etter påske er det planen å trykke minst to sider med polske nyheiter pr veke. Ordninga blir gjennomført som ein prøveperiode ut juni.

– Vi måtte ha ein omsetjar, og eg fekk tips om Magdalena Galazka. Det er ei positiv og velutdanna polsk kvinne som bur på Larsnes. Galazka vil plukke ut artiklar frå lokalavisa som ho finn interessant for seg og andre polakkar. Deretter omset ho artiklane og lagar kortversjonar av dei til avisa, fortel Widnes Johansen.

Omsetjaren, Magdalena Galazka, tende på ideen med ein gong. Ho meiner det er rart at ingen andre i området har tenkt på dette før.

– Positivt tiltak

I dag kjem det positive reaksjonar også frå næringslivet i området. Personalrådgjevar Thorvald Grønli i Personal Omsorg AS i Ulstein synest sider på polsk i lokalavisa er eit positivt tiltak. Med alle polakkane i området kan han ikkje skjøne anna enn at det er vel verdt eit forsøk.

– Umiddelbart trur eg mange polakkar vil ta godt imot dei polske sidene. Dei leitar og er interesserte i alminneleg informasjon som oss andre, seier Grønli.