Hopp til innhold

Hevdar firma braut arbeidsmiljølova

Ni polske tilsette i firmaet Maritime Montering nekta å skrive under på at dei skulle verte flytta over til eit polsk selskap.

Roman Marek Bejuk

Roman Marek Bejuk fortel kollegaer kva som vart resultatet etter forhandlingane.

Foto: Runa Victoria Engen

Han står på busstasjonen i Førde og skal snart reise attende til Aukra der han arbeider.

Roman Marek Bejuk har reist tretti mil for å sitte fleire timar i forhandlingar.

For to dagar sidan kunne Bejuk fortelje dette:

– Heilt sidan vi fekk brevet før jul har vi vore stressa. Kvar kveld når eg har lagt meg veit eg ikkje kva som ville skje neste dag. Det er vanskeleg å sove når ein er stressa heile tida, fortel han til NRK.

Til eit søsterselskap i Polen

Bejuk er ein av vel hundre polakkar som arbeider for Maritime Montering, eit Sunnfjord-firma som innreiar båtar og skip. Det har han gjort i tre år no, heilt til eit brev kom i posten medan han var heime på juleferie i Polen.

I brevet datert 15. desember står det at dei polske arbeidarane i Maritime Montering skal overførast til eit søsterselskap i Polen. Frå 2011 er dei tilsett i eit anna selskap. Maritime Montering måtte nedbemanne etter ein periode med for få kontraktar.

– Dei sa at vi skulle få eit jobbtilbod med eit polsk selskap, men etter vår meining, må dei gi oss arbeidsavtalar så vi kan sjå at alt er ifølge lova. Slik at vi kan vurdere andre alternativ og forhandle, seier Bejuk.

Les også:

Selskapet vil ikkje kommentere

NRK har vore i kontakt med administrerande direktør i Maritime Montering, Anders Lien. Han ynskjer ikkje å la seg intervjue eller kommentere saka.

Bejuk fortel at 70 av nær 100 polske arbeidarar hadde signert då han kom attende til Noreg. Dei som var att gjekk saman og ba om å få forhandle om arbeid i Noreg.

– Vi vil halde fram med å jobbe i Noreg fordi vi er nøgde med det vi har her, fortel Bejuk.

I eit brev til bedrifta skriv dei at dei kjende seg pressa til å skrive under.

– Har ikkje følgt retningslinjene

No har dei polske arbeidarane møtt Maritim montering i Sunnfjord, saman med leiaren for Fellesforbundet i Sogn og Fjordane, Magne Steinar Ulvatn.

Han seier språkvanskar kan ha ført til misforståingar, men han seier også at selskapet ikkje har følgt reglane med høve til korleis ei bedrift skal handtere nedbemanning.

– Det vanlege er at ein innleier dette med drøftingar med dei tillitsvalte i systema, og så vurderer ein situasjonen etter det, seier Ulvatn til NRK.

– Ikkje i tråd med tida

Brevet dei polske arbeidarane fekk var datert vel to veker før endringane skulle tre i kraft.

– Tida er nok ikkje heilt i tråd med det den burde vere, men bedrifta har teke tak og har gjennomført forhandlingar etter at vi sa ifrå om korleis retningslinjene skal vere, seier Ulvatn.

Glad for løysing

På busstasjonen kan Roman fortelje dei polske kollegaene om forhandlingane.

Nokre signerte arbeidsavtalen. Dei andre kunne velje mellom å arbeide ut oppseiingstida eller ta ein sluttpakke og finne nytt arbeid med ein gong. Roman Marek Bejuk seier han er nøgd med at dei fann ei løysing, men at tida fram til no har vore unødvendig vanskeleg.

– Det er ikkje slik det bør vere i arbeidslivet, seier han.