Hopp til innhold

Stuttgart utan sine beste

Stuttgart kjem utan fleire av sine beste spelarar til kveldens europaligakvalifiseringskamp mot Molde.

Spelarane dei hadde i den tyske VM-troppen er framleis på ferie.

Molde-trenar Kjell Jonevret seier det tyder på at det tyske laget ikkje trur Molde er på same nivå som dei sjølv.

Han understrekar likevel at dei spelarane Stuttgart kjem med er meir enn gode nok.