Hopp til innhold

Strengt vakthald

Frå klokka 06.00 onsdag blir Atlanterhavsvegen stengt i lange periodar. Men allereie tysdag kveld starta jobba med å legge til rette for filminnspelinga som skal skje på vegen dei tre neste dagane. Mange vakter er i sving for å sjekke at folk ikkje overnattar eller av andre grunnar oppheld seg på Atlanterhavsvegen i natt. Frå i 20-tida i kveld vil til dømes førarar av campingbilar få beskjed om å forlate den populære vegen, seier vakter NRK har snakka med. Under kolonnekøyringa dei neste dagane blir det også strenge forhold. Vaktene vil sjekke at bilar til dømes ikkje stoppar for at folk skal gå ut og fotografere. Det blir heller ikkje lov å opphalde seg på rasteplassane eller i lommene på Atlanterhavsvegen.

Atlanterhavsvegen
Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL