Hopp til innhold

Straumen tilbake

Abonnentar i Gjemnes fekk igjen straumen seint i går kveld. Omlag 400 kundar i området Aspåsmyra-Flemma-Hoem blei ramma då det blei straumbrot i 21.30-tida. Brot på ein fase på ei høgspentlinje var årsaka, melder Istad Nett. Også dei som miste straumen i Volda, Sande, Hareid og Herøy i går kveld skal i hovudsak ha fått straumen tilbake.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL