Hopp til innhold

Strandafjellet kåra til «beste off piste»

I ei større kåring i Dagens Næringsliv kjem Strandafjellet på niandeplass av i alt 27 større skianlegg i Noreg. Dei tronar derimot heilt øvst på off piste.

Gondolene i gang på Strandafjellet

Strandafjellet er kåra til best på off piste i ei kåring i Dagens Næringsliv.

Foto: Strandafjellet Skisenter AS

– Her finn du alt frå bratte, korte klippeparti til lange turar som krev taxitransport tilbake til anlegget, skriv Dagens Næringsliv om Stranda skisenter.

Avisa har altså kåra landets beste alpinanlegg når vi no er i startgropa til vintersesongen 2013/2014.

Driftsleder Stian Græsdal ved Stranda skisenter

Dagleg leiar Stian Græsdal ved Stranda skisenter seier det er stort å kunne hevde seg blant dei største anlegga i Noreg.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Velkjende Hemsedal troner på toppen med sitt ekstravagante anlegg, med Trysil, Oppdal og Geilo som gode nummer to, tre og fire.

Når vi kjem ned til 9. plass, går turen til Møre og Romsdal.

Stranda skisenter kjem naturleg nok til kort mot anleggs-mastodontane på Austlandet, men senteret er likevel best ut på eit av kriteria:

– Strandafjellet har Norges beste off piste-moglegheiter, skriv Dagens Næringsliv i si kåring.

– Fjella våre har alt som trengst

Dagleg leder Stian Græsdal ved Stranda skisenter er naturleg nok svært nøgd med heideren anlegget får i kåringa.

– Det er sjølvsagt kjempehyggjeleg å vere med og matche dei største anlegga i Noreg. Dessutan – dersom ein ser på poengskalaen så er det berre små utbetringar som skal til før vi kan rykke enda lenger opp på skalaen, seier Græsdal.

På spørsmål om kvifor akkurat Stranda har såpass gode off piste-løyper, svarar Græsdal at Nordvestlandet gjev einkvar alpinist alt han treng.

– Vi har vestavêret med veldig mykje snø. Samtidig utgjer fjella våre eit veldig alpint terreng, med bratte løyper og mykje skog. Vi har alt som trengst, seier Græsdal nøgd.

Og dersom du vil ha ein smakebit av sunnmørsfjella medan du ventar på vinteren, er det berre å sjå reportasjen frå årets alperitt under:

På grunn av snømangel ble det målinngang ved Stranda skisenter og ikke i Stranda sentrum i 2013.
Men sola og fint vær gav likevel folkefest.