Stranda på øy på Nordmøre

To personar som segla med ein liten båt kantra og tok seg i land ved ei øya utanfor Smøla. Personane var kalde då dei kom i land. Elles veit Hovudredningssentralen lite. – Ein ambulansebåt er på veg ut for å hente dei no. Vi veit ikkje kor lenge dei har vore der, kanskje mellom ein halvtime og time. Uansett er det ingenting som tyder på at dei er skadde, opplyser Ben Wikøren ved Hovudredningssentralen til NRK klokka 17.30.