Hopp til innhold

Stram styring av Ulstein Arena

Ulstein Eigedeomsselskap kjem til å ha ei stram styring i sluttfasen av det omfattande Ulstein Arena-prosjektet. Tre månader før det store bygget skal leverast er det mykje arbeid som står att.

Ulstein Arena tre månader før slutt

Ulstein Arena er inne i sluttspurten no, tre månader før bygget skal overleverast til kommunen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Rune Urke er dagleg leiar i Ulstein eigedomsselskap. Han seier det er viktig at dei har ein stram tidsplan dei neste månadene.

Rune Urke, Ulstein eigedomsselskap

Rune Urke er dagleg leiar i Ulstein eigedomsselskap. Han seier dei no held ein stram framdriftsplan på prosjektet.

Foto: Arne Flatin / NRK

– No har vi laga ein framdriftsplan for sluttfasen av prosjektet. Det er mykje teknikk og fag som skal samordnast. Det som er stikkordet her er at vi får til samarbeid slik at alle dei tekniske faga kjem i mål.

På spørsmål om Urke trur det vert vanskeleg å få til dette, seier han at det alltid er utfordrande med så store prosjekt.

– Det er alltid knapt med tid, men det viser seg som regel at dersom ein legg ein god plan og alle samarbeider godt så kjem ein i mål.

Ulstein Arena har fått kritikk heilt frå starten av prosjektet, og vart til gjennom eit fleirtal beståande av Høgre og Arbeidarpartiet i førre kommunestyreperiode. Kritikken har mellom anna gått på kostnadene i prosjektet og på eit tidleg tidspunkt i byggeprosessen sa kultursjef Leif Ringstad til NRK at dei ikkje kunne sjå bort frå overskridingar.

Det som har gjort prosjektet dyrare enn rekna med er mellom anna fjellgrunnen på den eitt kvartal store tomta midt i Ulsteinvik sentrum. I tillegg har prosjekteringsproblem skapt vanskar for utbyggaren.

Dårleg fjell

– Vi har hatt dårleg fjell i delar av tomta, seier Urke. Og dette er eit bygg som skal stå i minst hundre år. Og det er store krav til at det ikkje skal vere rørsle i bygget fordi dette er eit badeanlegg også. Så når det var dårleg fjell så fekk vi mykje ekstraarbeid. Vi har også eit avvik i forhold til prosjekteringskostnader i byggetida. Dei har vorte høgare enn det som var kontraktfesta.

Manglande prosjektering gjorde at det ikkje er alt som har vore ut på anbod og som vi difor måtte sette ut på anbod i ettertid. Dette er då kostnader vi ikkje hadde rekna med, seier Urke.

Ulstein Arena skal vere ferdig 25. november og opnast 1. desember, men ikkje takast i bruk av skulane før ved årsskiftet. Det gamle idrettsbygget mellom barneskulen og ungdomsskulen vert truleg rive for å gje plass til ei utviding av barneskulen.

Ulstein Arena skal i tillegg til badeanlegg, idrettsbane og klatrevegg innehalde eit stort og moderne bibliotek som det er store forventningar til.

Ulstein Arena oppsida

Alle er i full sving med å gjere ferdig Ulstein Arena. Dette bildet er frå oppsida av bygget.

Foto: Arne Flatin / NRK