Hopp til innhold

Kan ikkje utelukke overskridingar

Ulstein Arena er eitt år unna opning midt i Ulsteinvik sentrum. Prosjektet med ein prislapp på 268 millionar kroner inkludert ein reserve på 18 millionar, vert eit stort løft for kommunen. Men overskridingar kan kultursjefen ikkje utelukke, sjølv om dei satsar på å halde budsjettet.

Eitt år til opning av Ulstein Arena. Kommunen prøver å halde budsjettet på 268 millionar kroner, men kan ikkje utelukke overskridingar.

Vidar Wåge Hansen (t.v) i PEAB K.Nordang er prosjektleiar for bygginga av Ulstein Arena. Kultursjef Leif Ringstad (t.h) trur dei skal halde budsjettet på 268 millionar kroner, men kan ikkje utelukke at det kjem utfordringar som gjer at det vert dyrare. Foto/redigering: Arne Flatin

PEAB K.Nordang frå Stranda har ansvaret for prosjektet. Dei har kome seg opp av grunnen og er godt i gang med betongarbeidet. Dette er eit stort prosjekt for K.Nordang også. Ikkje berre i økonomi men også i prestisje seier distriktssjef Vidar Wåge Hansen til NRK.

Kultursjef Leif Ringstad reknar med at tidsplanen skal halde no, slik at det vert opning i oktober i 2017.

– Det vert spennande å sjå korleis bygget tek form, seier Ringstad.

Prislappen er altså 268 millionar kroner med ein reserve på 18 millionar som ein alt har brukt ein del av.

Ulstein Arena under bygging

Arbeidet med Ulstein Arena pågår for fullt, her er det rørleggarar som er i arbeid.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi har møtt nokre utfordringar undervegs mellom anna i grunnarbeidet med ein del leire. Så har vi ein momsproblematikk vi må sjå nærare på knytta til bassengdelen. Med eit så stort prosjekt som dette er må ein nesten rekne med at det vert ein del utfordringar, seier kultursjefen.

Uansett meiner han at kommunen får mykje att for pengane. Idrettsbygget som i dag ligg mellom barneskulen og ungdomsskulen er kraftig nedslite og ikkje lenger eigna for bruk. For elevane vert spranget enormt frå dagens standard til det dei får om eitt år.

Ulstein Arena

Skisse av Ulstein Arena sett frå sentrum.

Foto: Ill: Lund+Slaatto Arkitekter

(Artikkelen held fram under bildet)

Mange bruksområde

Når Ulstein Arena vert opna vert det nytt idrettsbygg for elevane ved Ulsteinvik barneskule og Ulstein ungdomsskule. I tillegg til idrettshallen er der eit nytt basseng som skal erstatte dagens. Det noverande bassenget er nesten ikkje tilgjengeleg gjennom skuleåret, så dette vert ein stor overgang til det betre for skuleelevane. I tillegg kjem idrettshallen og bassenga til å verte brukte etter skuletid av lag, organisasjonar og folk flest.

Det vert også eit heilt nytt og moderne bibliotek i tillegg til ein klatrevegg. Leif Ringstad reknar med Ulstein Arena vil gi nytt liv til Ulsteinvik sentrum både på kveldstid og i helgane.

Og om alt går etter planen vert det høgtidleg opning om vel eit år, i oktober 2017.

Ulstein Arena under bygging

Ulstein Arena under bygging.

Foto: Arne Flatin / NRK