Hopp til innhold

– Eit av landets flottaste bibliotek

Ho gler seg til 20 000 bøker er ferdigpakka og frakta frå det gamle til det nye biblioteket. Forventningane til det nye biblioteket i Ulstein Arena er skyhøge, seier biblioteksjefen.

Biblioteksjefen i det nye biblioteket i Ulstein Arena

Biblioteksjef, Mona Iren Auganæs, ser fram til at ho ikkje må ha hjelm i det nye biblioteket som er ferdig om rundt to månader, 1. desember. Ho har enorme forventningar til det nye biblioteket midt i Ulsteinvik sentrum.

Foto: Arne Flatin / NRK

Mona Iren Auganæs har stjerner i auga når ho omtalar det nye biblioteket, som er teikna av den nederlandske stjerna, bibliotekarkitekten, Aat Vos.

– Dette vert det første biblioteket på vestlandet som er teikna av Vos. Han står mellom anna bak BibloTøyen (ungdomsbiblioteket for 10–15 år) og nokre av filialane til Deichmanske.

På Bjørndals Minne, i dei gamle lokala som har vore nytta i 38 år, vert 20 000 einingar no pakka ned i kasser. Truleg vert det ein stad mellom 400 og 500 kasser før alt er i boks bokstaveleg talt.

Auganæs håper at det nye biblioteket vert ein møtestad i sentrum av Ulsteinvik.

Mona Iren Auganæs

Mona Iren Auganæs håper det nye biblioteket vert ein møtestad i Ulsteinvik sentrum

Foto: Arne Flatin / NRK

Eitt av landets flottaste

– Dette vert eitt av landets flottaste bibliotek, seier ho. Samspelet i fleirbruksbygget vert også lagt vekt på. Her kan ein bruke mange timar på kveldane. Trening eller symjing og deretter tid i det nye biblioteket. Fleirbruksbygget inneheld klatrehall, badeanlegg og idrettshall i tillegg til biblioteket.

Til saman får ein 500 kvadratmeter å boltre seg på i det nye biblioteket og opningstidene vert utvida frå 25 til 72 timar. Ein del av dette er sjølvbetjening, seier biblioteksjefen.

Kasser med bøker på det gamle biblioteket i Ulsteinvik

I det gamle biblioteket i Ulsteinvik, som har vore stengt sidan 1. september, vert bøkene no pakka ned i kasser. Arbeidet tek tid og til saman 20 000 einingar skal pakkast ned i nærare 500 kasser.

Foto: Arne Flatin / NRK