Politikarane i Ulstein har i årevis diskutert kva dei skal gjere når den eine gravplassen dei har i kommunen, er fylt opp.
Dei jobbar for å få til ein større gravplass, men dei har også sett i verk andre tiltak.
Nemleg at om du vel kremasjon, så kan kommunen dekke opp mot 5600 kroner av kostnaden.
– Slik som det er i dag, så er kremasjon eit dyrare alternativ. Og då er det naturleg at mange vel annleis, seier ordførar i Ulstein, Stian Skorgen Scheide.
Frå 2026 vil kommunen ta kostnaden på inntil 20 kremasjonar. Dette gjer dei for å gjere det enklare for dei som vil, å velje kremasjon, utan at det skal koste ekstra.
– Det skal ikkje vere økonomien som stoppar dette valet. Men eg vil understreke at dette er valfritt. Det er ingen som blir tvungen til å velje det eine, framfor det andre, seier han.
Ordførar i Ulstein, Stian Skorgen Scheide.
Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK– Sett eit auka behov
Fram mot 2033 vil det vere tilnærma fullt på gravplassen i Ulstein. Kyrkjeverja i Ulstein sokn, er glad for at kommunen no har vald å ta noko av kostnaden det er å kremere.
– Eg er veldig glad for at det no blir meir økonomisk likestilt enn før. Fordi vi har sett eit auka behov, det er fleire som spør om kremasjon, og då ønskjer vi å legge til rette for dette, seier Christfried Kaul.
Dei har mellom anna lagt til rette for at deler av gravplassen blir tilpassa urnegraver, som tek mindre plass enn ei kistegrav.
Han fortel at dei siste ni åra har han sett ein auke i interessa av folk som ønskjer kremasjon i Ulstein.
– I starten var urnenedsetting ganske sjeldan. Men vi har sett ein auke på ti-femten prosent som ønskjer dette her, seier han.
Kyrkjeverja i Ulstein sokn, Christfried Kaul.
Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRKOver 50 prosent som vel kremasjon i Noreg
På landsbasis er det fleire og fleire som vel kremasjon. Sjølv om dette ofte kan vere dyrare enn å bli gravlagd på tradisjonelt vis.
Talet på dei som vel kremasjon bikka 50 prosent for første gong i 2023, og stig framleis.
– Det er oftare trongt om plassen i dei store byane, og dei litt større kommunane. Derfor er det eit insentiv for mange å velje kremasjon, fordi ein gravplass kan vere stengd for kistenedlegging, men open for å sette ned urner, seier Trygve Jordheim i KA.
Jordheim seier det er veldig positivt at kommunen no vel å dekke deler av kostnaden det er å kremere.
– Det tenker eg er eit flott og framtidsretta tiltak av Ulstein kommune, seier han.
I det øvre feltet av gravplassen er det framleis plass til fleire. Og kommunen har også lagt til rette for gravplassar til urner på deler av det ledige området.
Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRKKommunen har også jobba for å utvide gravplassen. Men, foreløpig har dei fått nei fordi det er gjort arkeologiske funn i områda rundt gravplassen.
Dermed skal kommunen no søke med ein georadar i området, for å kunne avdekke om det ligg verdifull historie under overflata.