Hopp til innhold

Større ras i Trollveggen

Eit større ras gjekk i Trollveggen torsdag ettermiddag, men ingen skal ha kome til skade.

Røyksky etter ras

Det låg tjukk røyk i dalen etter raset i Trollveggen. Sterk vind skal ha fjerna mesteparten om lag éin time etter.

Foto: Lars Kavli

– Raset var heftig, og støvskya låg godt nedover dalen, seier eit augevitne til NRK.

Politiet i Nordmøre og Romsdal hadde ikkje fått melding om raset klokka 16.00. Det kan, ifølgje operasjonsleiar, tyde på at folk eller vegar ikkje er råka.

– Vi er ikkje varsla, får NRK opplyst.

Høyrde tungt drønn

Det var Åndalsnes Avis som melde om raset først.

Raset skal ha gått klokka 15.00, truleg frå nedre del av Trollveggen. Ifølgje avisa er raset «av betydeleg størrelse».

– Eg såg med ein gong røykskya, seier Vebjørn Mjelva til avisa.

Han var i traktoren sin for å gjødsle, men sjølv med øyreklokker høyrde han eit tungt drønn.

Åndalsnes Avis skriv at det framleis låg røyk i dalen 30 minutt etter at raset gjekk.

– Aldri sett så mykje skodde

Ole Johnny Amundsen i Rauma drog rett opp til Trollveggen då han såg skodda.

– Det låg grauttjukk skodde langt nedover dalen. Eg har aldri sett så mykje skodde på ein gong, seier han.

Amundsen er hobbyfotograf, og har tidlegare teke fleire bilde av Trollveggen. Etter å ha studert eit iPhone-foto etter raset, er han usikker på kvar det losna stein.

– Eg har studert og samanlikna, og det kan sjå som eit stykke ikkje langt oppe i veggen har falle ut. Men det var nok ingen dramatikk, sjølv om raset var betydeleg, fortel Amundsen.

NRK har ikkje fått kontakt med beredskapssjef i Rauma kommune.

Trollveggen

Trollveggen i Rauma kommune i Møre og Romsdal er eit ynda turistmål. Torsdag ettermiddag skal det ha gått eit større ras i veggen.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL