Hopp til innhold

Stormen vil straffe Bakke

Supporterklubben Stormen etterlyser refs av Brann-spelar Eirik Bakke.

Stormen jubel
Foto: Jonathan Reite

I går kveld blei det klart at Forbundsstyret foreslår at Aafk-trenar Kjetil Rekdal må stå over ein kamp etter at han nyleg kalte Bakke for alkis. Supporterklubben Stormen syns det er merkeleg at Brannspelaren Eirik Bakke ikkje får nokon liknande reaksjon frå fotballforbundet.

- Provoserte

- Det syns eg er merkeleg. Det er heilt klart at Eirik Bakke var med og framprovoserte den situasjonen som oppsto. Sjølv om Rekdal ikkje burde gjort det han gjorde, syns eg fortballforbundet burde følgt opp saka overfor Bakke, seier Walderhaug. Det var i etterkant at kampen mellom Brann og Aafk torsdag i forrige veke at det oppsto ein krangel mellom Rekdal og Bakke, som endte med Aalesund-trenaren kalla Bakke for ein alkis.

Tom Walderhaug

Tom Walderhaug i supporterklubben Stormen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Trudde på verre straff

Walderhaug trudde reaksjonen frå forbundet kom til å bli verre. I går kveld var det klart at forbundsstyret foreslår ein kamps karantene for Kjetil Rekdal, i tillegg til ei bot på 10 000 kroner til Aafk.

- Vi hadde forventa at det skulle kome noko verre, samstundes håpte vi sjølvsagt at ingenting skulle skje. Dersom denne innstillinga blir ståande, får vi vel berre takle det, seier Walderhaug.

Ingen kommentar

Kjetil Rekdal har sagt han vil kommentere saka etter treninga på Color Line Stadion laurdag. Styreleiar Torild Hole Standal vil ikkje seie noko før styret har behandla innstillinga. Det er doms- og sanksjonsutvalget i Fotballforbundet som skal avgjere saka.